Er du serviceinnstilt, liker å hjelpe folk og er open for ulike kulturar og tradisjonar? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år i skule før du kan gå ut i lære. Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje sal, service og reiseliv?
Vg1 sal, service og reiseliv er ei trygg og allsidig utdanning som opnar for fleire spanande karrieremoglegheiter. Det gir deg ein smakebit på fire forskjellige yrker der kommunikasjon står i høgsetet. Vg1 sal, service og reiseliv gjer deg moglegheit til å gå viare på vg2 sal og reiseliv, og vg2 service sikkerheit og administrasjon.
Vi tilbyr:
- Vg1 sal, service og reiseliv: to klassar med 15 elevar i kvar klasse.
- Vg2 sal og reiseliv: to klassar med 15 elevar i kvar klasse.