Ser du for deg ei framtid som sjukepleiar, sosionom, fysioterapeut eller liknande? Helse og oppvekst – studieførebuande er eit godt val for deg som ønskjer høgare utdanning innan helse- og oppvekstsektoren.
Kvifor velje 3-årig Helse- og oppvekstfag med generell studiekompetanse?
Ved å følge dette nye løpet kontra 2+1 år ordinært, blir programfag og fellesfag fordelt jamt over tre år. Om du ynskjer det, vil det være mogleg å ta realfag som nettundervising i deler av opplæringa (vg2/vg3).
Med denne utdanninga kan du søkje alle utdanningar som krev generell studiekompetanse.
Gjennom utdanninga fordjupar du deg innan helsefaga, som vil gje deg ein solid grunnmur for å ta studium som til dømes sjukepleiar, audiolog, ergoterapi, folkehelsearbeid, fysioterapi, optometri, paramedisin, radiografi, tannpleiar, tannteknikar, vernepleie, musikk og helse, psykologi, idrett med fordjuping i helse og treningsfysiologi, krisehandtering, informasjonssystem, samfunnsretta ernæring og kognitiv vitskap.
Vi tilbyr:
- Vg1 helse- og oppvekstfag - studieførebuande: 1 klasse med 20 elevar - oppstart hausten 2024
- Vg2 helse- og oppvekstfag - studieførebuande: 1 klasse med 20 elevar - oppstart hausten 2025
- Vg3 helse- og oppvekstfag - studieførebuande: 1 klasse med 20 elevar - oppstart hasuten 2026