Andre skuleåret
Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag
Likar du å arbeide med barn? Ta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar!
På barne- og ungdomsarbeidar lærer du å arbeide med barn og ungdom i f.eks. SFO, barnehage, skule, ungdomsklubbar. Her lærer du mellom anna om helsefremjande arbeid og korleis du kan kommunisera med ungdom på ein god måte.
Opptakskrav: vg1 Helse- og oppvekstfag
Vg2 helsearbeidarfag
Helsefagarbeidaren må like å jobbe med menneske i ulike situasjonar. Arbeidet krev gode kunnskapar om førebygging, behandling, pleie og etikk. Kommunikasjon og samhandling med pasientar, klientar, pårørande og kollega er ein føresetnad for å kunne fungere i yrket.
På helsefagarbeidar jobbar vi ein god del praktisk. Vi har ulike prosjekt, individuelt arbeid, praktiske opplegg i klassen og nokre ekskursjonar. I tillegg blir elevane utplassert i praksis i periodar.
Opptakskrav: vg1 helse- og oppvekstfag.
Vg2 ambulansefag
Ambulansepersonell er ofte pasienten sitt første møte med helsevesenet i ein skadesituasjon. Gjennom denne utdanninga blir du ein del av helsevesenet si akuttmedisinske beredskap og må kunne ta hand om alvorleg sjuke og skadde pasientar. Ambulansepersonell arbeider ofte sjølvstendig og må fatte raske slutningar. Kvardagen er ofte samansett av dramatikk, rutineoppdrag og krav til omsorg og samarbeidsevne.
Det vert lagt opp til bruk av skulen si ambulanse, kurs for andre elevar og utplassering i praksis.
Opptakskrav: vg1 helse- og oppvekstfag.