Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje elektro og datateknologi?
Å studere elektro og datateknologi kan bli utgangspunktet for ei spennande og allsidig yrkeskarriere. Du kan begynne som handverkar, og dersom du har lyst på flere utfordringar kan du studere videre ved ein teknisk fagskule, ingeniørhøgskule eller universitet.
Dersom du er hardtarbeidande og har anlegg for matematikk og fysikk kan elektro og datateknologi vere noko for deg.
Vi tilbyr:
- Vg1 elektro og datateknologi. To klassar med 15 elevar i kvar klasse.
- Vg2 elenergi og ekom. Ein klasse med 15 elevar.