Vestland fylkeskommune bruker Visma InSchool (VIS) som sitt skuleadministrative system. VIS skal brukast av elevar og tilsette. Les meir om kva informasjon du finn der og korleis du loggar deg inn.
Korleis får elevar tilgang til VIS?
Som elev i Vestland loggar du deg inn på VIS med Feide-kontoen din (brukarnamn og passord). Før skulestart vil du motta ein SMS der du får informasjon om å aktivere
Feide-kontoen din.
Visma InSchool
Inne på denne sida kan logga deg inn på din brukar.
Målet med Visma InSchool (VIS) er å møte dei vidaregåande skulane sine framtidige behov ved å:
- fornye, forenkle og forbetre arbeidsdagen til elevar, lærarar og skuleadministrasjonen
- legge til rette for kommunikasjon mellom skulen og heimen
- digitalisere framtida sin skuleadministrasjon og gi meir elektronisk, automatisert og effektiv arbeidsflyt
- redusere tid som blir brukt til administrativt arbeid og frigjere tid til pedagogiske aktivitetar
- gi oversikt over at elevane har fått den opplæringa dei har krav på
Kva opplysningar kan elevar sjå i VIS?
Er du elev vil du i VIS blant anna få tilgang til:
- timeplanen din
- informasjon om klassen du høyrer til
- kontakt- og faglærarar
- registrering av fråvær
- merknader
- vurderingar
- eksamensoppmeldingar
- standpunkt- og eksamenskarakterar
Du kan også melde om:
- fråvær
- søke om fritak i fag (sidemål og kroppsøving)
- tilrettelegging på eksamen
- fråtrekk av fråvær