Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiar

 

Kontaktinformasjon

Unni Ytreland Nedrebø er på Os vgs måndagar, tirsdagar og torsdagar

 Ta kontakt i resepsjonen eller send SMS eller e-post.

Unni Ytreland Nedrebø

Helsesjukepleiar
Unni.jpg

 

Kva kan du ta opp?

Du kan snakke med helsesjukepleiar om alt. Blant anna:

  • bekymring for helsa, eller vanskar på skulen eller heime
  • hjelp til å byrja å trene, eller på andre måtar leve sunnare
  • vanlege plager hos ungdom
  • vanskar med å sove
  • vanskelege tankar
  • prevensjonsrettleiing, til dømes resept på prevensjonsmiddel

 

Lege eller psykolog?

Helsesjukepleiar samarbeidar også med lege og psykolog, og kan skaffa deg time der. Helsesjukepleiar samarbeidar med elevens samtykke, med foreldre / føresette, lærarar, rådgjevarar, lege, psykolog, fysioterapeut, barnevern, PPT eller andre tenester det er behov for.

Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som elev og som du kan oppsøke når du treng det. Vi har teieplikt og tenesta er gratis.

Kontoret til helsesjukepleiar finn du i 2 etasje, ved resepsjonen. Du kan komme innom og sjå om helsesjukepleiar er ledig.

 

 

Helsestasjon for ungdom:

Helsestasjon for ungdom i Os er i same bygg som Ung Arena, det store bygget nedanfor Os ungdomsskule.
Helsestasjonen er open onsdagar mellom kl. 14.30 og kl. 16.30. Det er ikkje timebestilling, og tilbodet er gratis.

I tillegg til helsesjukepleiar er lege til stades om onsdagen.
Du kan mellom anna få hjelp med prevensjon, testing av kjønnssjukdomar og spørsmål knytta til fysisk og psykisk helse.

Vi oppfordrar alle elevar som bur på hybel i Os om å få seg fastlege i Os.